Smaller Default Larger

Velkommen til Hestanipen Opp 509

Bli med på motbakkeløpet Hestanipen opp 509! 8. juli 2017 arrangerer Vindafjord Idrettslag for sjuande gong motbakkeløpet Hestanipen Opp 509. Hestanipen har eit topp-punkt som ruver over Vikedal sentrum. Kjem du sjøvegen til Vikedal, er det Hestanipen saman med storebror Lysenuten (812 moh) som helsar deg velkommen.
 
Løpet startar i Vikedal sentrum, følgjer asfaltert veg i omlag 200 meter, før ein kjem inn på ein skogsveg som tek deg opp omlag 400 høgdemeter. Det siste strekket opp til toppen går på sti gjennom bjørkeskog før ein kjem opp på snaufjellet. Hestanipen Opp byr på tøffe motbakkar mot toppen som ligg 3,5 km og 509 høgdemeter frå startpunktet.
 
Løpet vert delt i trimklasse og konkurranseklasse.

Link til påmelding

- Trimklassen melder seg på i sekretatiatet på løpsdagen.
- Dei under 13 år vil ikkje bli rangerte.(Barneidrettsbestemmelsene til NIF)

Link til overnatting i Vikedal og omegn


       

    

  

E-post: postmottak@vindafjord-il.no tlf: 918 88 688