Vindafjord Idrettslag
Postboks 95
5589 Sandeid

postmottak@vindafjord-il.no

Tlf: 918 88 688

Kontonr. 3241.07.00017

VIL- bussen

Bussen er vraka sept. 2017.
Ingen planar om ny.

Smaller Default Larger

Ølmedal Rundt 2011, Urige Buta knuste rekorden!

Northug nr. 8 i Ølmedalen Rundt
Sol, smil og stil i Ølmedalen Rundt. 1100 deltakarar i ei bygd med 350 innbyggarar.
Nybakt nordmann og far, Urige Buta, sette løyperekord.

Kjempesuksess for Ølmedalen Rundt!
Nybakt far, norsk statsborgerskap samstundes med sin nyfødte son, og ny løyperekord på èi veke. Namnet er URIGE BUTA. Tida vart 19.23 på dei 6.9 kilometrane rundt Ølmedalsvatnet. Nærkontakt med vatnet heile vegen rundt gjer dette til ei spesiell oppleving. Løypa er ganske kupert, så det er ein utruleg sterk rekord.

Arrangøren og den glimrande speakeren Tor Øyvind Skeiseid, fekk latterdøra på vidt gap hjå det tusentallige publikummet då den nybakte faren fekk to digre pakker Pampers bleier i premie.

167 løp på tid - 36 av dei jenter
Vigdis Bringedal Holsth - i følge dottera Kristina som kom på andreplass, er 42 år. Slik ser det ikkje ut. Ikkje det at det er nokon alder i langløpssamanheng, men i det snart 30 årige løpet sprang ho på den fjerde beste tida nokonsinne. På premiepallen utfordra dottera mor si til neste år, men ho har langt fram - så god er mora Vigdis.

Speakerteneste i særklasse
Arrangøren har Lars Olav Larsen som ein glmrande organisator. Stille glid han rundt på arenaen og ser til at alt går knirkefritt. Noko av det mest geniale han har gjort, er å få tak i Tor Øyvind Skeiseid frå Finnøy. Han stilte gode spørsmål til dei som kom på pallen, ofte litt tilsynelatande på kanten. Latteren frå dei intervjua og det tusentallige publikum sat laust. Heile tida. Ein attraksjon og verdt å koma attende til Ølmedalen Rundt neste år.

Petter Norhtug tilbake i Ølmedalen
Blant dei som kom tilbake i år og var Petter Northug. Han har hatt eit så tett program at NRK laga innslag om det. Torsdag kom han i helikopter fra skisamling på Strynefjellet til Bislett Games for en mile på rulleski. Laurdag var motbakkeløp, så nytt rulleskiløp og endeleg fotballkamp for heimeklubben Mosvik. Men det NRK ikkje fekk med seg var at han 2. pinsedag var på plass for Ølmedalen Rundt. Der vart det en 8. plass på skikongen.

"Kondis" v/Gisle Sellevold

Resultatliste 2011: HER


www.kondis.no
www.langfossopp.no
www.fjorda-alliansen.net
www.klypetussen.no

 

Hovedsponsorar

                          

E-post: postmottak@vindafjord-il.no tlf: 918 88 688